Skulebyråden i Oslo: Kjønnsdelt svømming er ulovleg
Skulebyråd i Oslo, Julie Remen Midtgarden, meiner foreldre som nektar barna å delta i svømmeundervisning, kan bli meldt til politiet. – Kjønnsdelt svømmeundervisning er ulovleg, og det kan vi ikkje akseptere i Oslo-skulen. Alle elevar skal som utgangspunkt ha ordinær undervisning saman, seier Midtgarden til Aftenposten. Ho refererer til ein studie frå 2021, som visar at rundt 15 prosent av jenter med minoritetsbakgrunn ikkje får delta i «kjønnsblanda» svømming. Talet for gutar var 5 prosent. – I dei mest alvorlege tilfella, der skular ser at foreldre systematisk hindrar døtrene sine i å delta i den ordinære svømmeundervisninga, bør skulane vurdere å ta i bruk sterkare sanksjonar, som til dømes politimelding, seier Midtgarden til avisa. No vil ho kartlegge om kjønnsdelt svømming er utbreitt i Oslo.




















