Skal teste klimavennleg fly i Oslo
Oslo lufthamn er ein av fem testarenaer for nye, uttslippsfrie fly, skriv Avinor i ei pressemelding. Ekspertar skal teste flyet, som går på både el-batteri og miljøvennleg drivstoff. Erik By i Avinor seier at flya mellom anna kan ta av på kortare rullebaner enn vanlege fly. Målet er å lære korleis disse flya fungerer og korleis marknaden vil ta dei imot.















