Foreslår Birgit Skarstein som Oslo-ordførar

To lokallag vil ha Birgit Skarstein som ordførarkandidat i Oslo. Både Korsvoll AP og Hasle og Løren AP peiker på idrettsutøvaren, som sat i Oslo bystyre for AP frå 2015–2019. – Arbeidarpartiet skal stille med ein ordførarkandidat med tillit på tvers av Oslo. Birgit Skarstein kjenner politikken og byen, og representerer samtidig noko større enn partiet,. Det seier leiar i Korsvoll arbeiderpartilag, Erik M. Dugstad til Nordre Aker Budstikke. Skarstein har foreløpig ikkje kommentert forslaget.


















