Ikkje utvida skjenketid natt til Sundag

Natt til sundag 25. oktober går vi over til vintertid. Klokka blir stilt éin time tilbake frå 03.00 til 02.00, og vi får dermed ein ekstra time før sundagen held fram. For dei som planlegg ein tur på byen, er det verdt å merke seg at overgangen til vintertid ikkje gir ein ekstra time med skjenking. Skjenketida følgjer den faktiske tida, og dermed blir det inga forlenging av skjenketida sjølv om klokka blir stilt tilbake.



















