Trikkeproblem på Grünerløkka
Ein lastebil sperrar trikkesporet på Grünerløkka, noko som fører til stans og omkøyring for trikkelinjene 12, 15 og 18. Det var Avisa Oslo som først melde om saka. Trikkane blir mellombels omdirigerte via Trondheimsveien. Trikkane stoppar ikkje på følgjande haldeplassar: - Storo - Grefsenveien - Sandaker senter - Torshov - Biermanns gate - Birkelunden - Olaf Ryes plass - Schous plass. Avviket gjeld førebels fram til klokka 13.01. i dag ifølge Ruter sine heimesider.























