68 millioner til kunst på sjukehus
Det er sett av 68 millionar kroner til kunst ved Nye Rikshospitalet og Nye Aker sjukehus. Det kjem fram i ei pressemelding frå Helse Sør-Øst RHF. Kunstverka skal integrerast i bygningane og uteområda ved dei to nye sjukehusa. Som eit første steg inviterer Helse Sør-Øst RHF profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for komande kunstoppdrag. Bygginga av sjukehusa starta for ca. to år sida, og er planlagt ferdige i 2031.






















