Budsjettforslag Lillestrøm: Ikkje rom for ekstravaganse
Kommunedirektøren i Lillestrøm la i dag fram eit budsjettforslag med fokus på eldreomsorg, barn og unge. – Det krev bevisste prioriteringar framover, og det er ikkje rom for ekstravaganse, seier kommunedirektør Bjørn Gudbjørgsrud til Romerikes Blad. Kommunen skal bruke 79,3 millionar kronar på nye sjukeheimsplassar og 12,7 millionar på barnehageplassar. Dette går inn i planlagde investeringar på 3,7 milliardar over dei tre neste åra. Det gjer også ulike skule- og idrettsprosjekt og nytt sentralvaskeri og hovudkjøkken på Skedsmokorset. Eigedomsskatt for hushaldningar blir fjerna frå 2027. – Det betyr at vi må snu kvar krone framover, seier direktøren. For å kunne satse meir på kjerneoppgåver blir det kutt i administrasjon. – Det betyr at organisasjonen mister litt utviklingskraft og kapasitet. Det forsøker vi å kompensere for så langt det går gjennom effektivisering og bruk av ny teknologi, forklarar Gudbjørgsrud. Kommunen planlegg å spare 19 millionar på administrative kostnadar, reduksjon av stillingar og konsulentbruk i 2027. – Vi kjem ikkje til å seie opp nokon. Det er såpass stor turnover i kommunen at det er handterleg, seier Gudbjørgsrud til Romerikes Blad. Fleire gebyrer er foreslått auka i budsjettet, mellom anna renovasjonsgebyret med 38,3 prosent.

















