Har konfiskert fleire knivar ved sjekkpunkt
Politiet har konfiskert fleire knivar ved innsleppspunktet ved Nationaltheatret, skriv Avisa Oslo. Politiet fortel til avisa at det er snakk om arbeidsknivar som folk har hatt med i jobbsamanheng. Dei har også konfiskert saksar, og det er til saman snakk om ein halv bøtte med skarpe gjenstandar. I tillegg har dei fylt fire søppelsekker med paraplyar berre ved dette sjekkpunktet.