98 togavgangar innstilte laurdag
– På Austlandet er det 98 som blir innstilt i løpet av dagen i dag. Det er om lag 17 prosent av alle toga på Austlandet. Det seier kommunikasjonssjef i VY, Åge-Christoffer Lundeby. Det er RE10 mellom Drammen og Lillehammer som er hardast råka. – I dag er det 30 tog som er innstilt der. Det utgjer 88 prosent av toga, seier han. Han kan også fortelje at reiseplanleggaren er oppdatert med innstillingane til og med måndag.









